Essay 

Karin Forslund, White matter III, IV, V (2022). Klincast glass.

Synleg tid, skakk venleik

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om eg omfamnar høg kvalitet og dels lever for grensesprengande estetiske og sosiale opplevingar, lét eg meg ikkje tiltrekkje av ideen om det perfekte. Eg tenkjer at det perfekte ikkje finst. Rett nok kan termen vera meiningsfull på nokre område, det gir meining å seia «ho spelte ein bortimot perfekt tenniskamp» eller at eit objekt «fungerer perfekt til mitt bruk», men med ein gong ein nærmar seg smaksdommar og kunstnariske vurderingar, gir det mindre meining. Ei perfekt krukke? Ein perfekt installasjon? Ytringane grensar til det meiningslause fordi ein då straks kjem i berøring med smaksoppfatningar og variasjonar i desse, kva erfaringar ein har med kunst, og sjølve kunsthistoria. Om du ber 1000 personar tenkja på «det perfekte måleriet», vil dei ikkje tenkja på det same.

Sidan det perfekte ikkje tiltrekkjer meg, vert eg dradd mot det taggete, asymmetriske, skakke, rue og uvørde. Objektoppstillingar vert ofte meir interessante når dei ikkje står på rad og rekke. Folk utan arr og synlege teikn på aldring er vanskelegare å tenkja seg har levd. Mønster som ikkje er gjentakande og opplagte, får sansane i gang.

Det uperfekte står sentralt i det japanske filosofi- og kunstidealet wabi-sabi, og kanskje var det difor merksemda mi vart dradd den vegen. Idealet unndrar seg enkle definisjonar, men ifølgje Leonard Koren, som har skrive boka Wabi-Sabi for Artists, Designers, Poets and Philosophers, har wabi-sabi same posisjon i japansk estetikk som greske ideal om venleik og perfeksjon har i Vesten. Wabi-sabi fokuserer på det enkle og på at ingenting varar, ingenting vert avslutta, og ingenting er perfekt.

Høgst forståeleg er det difor at så mange finn det uperfekte og synleggjering av det ufullkomne tiltrekkjande, og då ikkje (berre) som romantisk idé, men som eit estetisk ideal som er nærare og meir i samsvar med røynda. Når det gjeld wabi-sabi, verkar det likevel som om dette i ein vestleg kontekst i stor grad har blitt oppslukt i ei form for simplistisk sjølvhjelpsspråkdrakt, i sjølvhjelpsbokmaskineriet. Samstundes undrar eg på om ikkje wabi-sabi kan ha interessante koplingar til det som blir kalla den nymaterielle vendinga. Sentralt i denne er fokusering på prosess og tilbliing, at ting og objekt er livfulle og har evna til å påverka handling og handlingsforløp, og at ein forsøker å gjera forholdet mellom subjekt og objekt mindre hierarkisk. Spenninga mellom desse tolkingane interesserer meg og er tema for denne teksten.

Tida sin gang materialisert

Sjølv om forholdet mellom perfeksjon og ikkje-perfeksjon er interessant, er det kanskje vel så mykje korleis tid gjer seg synleg i materielle objekt som gjorde meg merksam på wabi-sabi. Korleis tid og venleik viser seg i objekt, kunstverk og kunsthandverk.

Om du tenkjer på eit objekt du har i din nærleik, eller eit objekt du har halde i i den siste tida, er tida synleg i objektet? Er det mogleg å sjå korleis tid, bruk og slitasje har handsama objektet? På den måten at det er skadd eller forsøkt reparert? Eller som spor av korleis objektet er blitt til, produsert? Gjorde dette det skadde objektet finare eller mindre fint, meir eller mindre verdifullt? Og kva er det eigentleg som gjer objekt tiltalande? Form og farge? Affeksjonsverdi? Salsverdi? Om dei er fint brukte? Slitte på den rette måten?

Wabi-sabi

Det er skrive fleire bøker om wabi-sabi, men filosofien er ikkje lett å gripa om og verbalisera – noko forfattar og BBC-personlegdom Marcel Theroux gir merksemd i programmet In Search of Wabi Sabi with Marcel Theroux. I programmet kjem filosofien fram som så djupt rotfesta i japansk tradisjon og liv at han vanskeleg let seg omtala og verbalisera for folk – som del av det ikkje-talte og tatt-for-gitte.

Grev ein litt djupare i litteraturen, finn ein at wabi-sabi har rot i den japanske zen-buddismen generelt og i teseremoniar spesielt. På slutten av 1500-talet, skriv Koren, byrja sabi å skildra ei form for emosjonell tone eller materialitet knytt til ei ny form for japansk teseremonipraksis. Te kom til Japan frå Kina, med zen-munkar som brukte seremonien til å halda seg vakne under meditering. Nokon omtalar teseremonien som eit materielt uttrykk for wabi-sabi, at seremoniane gir ein atmosfære av wabi-sabi. Blant vage definisjonar av ordet sabi er desse: «gleda ved det som er gamalt og einsamt», eller «venleiken i det som har visna» (mine omsetjingar). Koren skriv om ei form for «sabi sensibility» som har slektskap med det ufullstendige, imperfekte, det gøymde og obskure, det som ikkje samsvarar. Sabi kan tyda venleik som kjem med alder eller tid. Lause definisjonar av ordet wabi hintar i retning enkelheit, imperfeksjon og flyktig venleik. Dei to konsepta wabi og sabi verkar slik å gå noko over i kvarandre – for ikkje å gløyma at dei fonetisk kling godt i lag – men tid og materialitet står sentralt i begge. Synleg tid og ikkje-perfeksjon i materielle objekt og kunst.

Sjølv om filosofien ikkje enkelt let seg forklara, er det mogleg å seia at wabi-sabi kan vera både ei haldning, ein atmosfære og eit estetisk ideal. Wabi-sabi avviser det reine, ordna, ordentlege og symmetriske og fokuserer heller på det irregulære og grov-teksturerte. Ytst sentralt står korleis sjølve tida set materielle avtrykk.

Sjølvhjelpslitteratur og nymaterialisme

Fleire av bøkene om wabi-sabi som har blitt omsette til norsk eller nådd ein norsk kontekst, er prega av eit attkjenneleg oppskriftsbasert sjølvhjelpsspråk. Dette gjeld til dømes Wabi sabi – oppdag skjønnheten i det ufullkomne av Oliver Luke Delorie. Denne lokkar med at ein kan finna sjelefred om ein har kjennskap til den japanske filosofien, og rettar seg mot dei som ønskjer eit enklare og rolegare liv, og som vil ta imot hjelp og oppskrifter på vegen. Her kan ein lesa setningar som: «Å ta til seg wabi sabi-filosofien har ingen negative bivirkninger», «Hva kan være bedre enn å finne en indre ro, velvilje og mening i hvert eneste problem eller utfordring du møter?», «La reisen være målet – det å ankomme er bare halve gleden», og «Hver dag får vi rikelig med muligheter til å få et glimt av den iboende skjønnheten i alt rundt oss. Så neste gang du føler avsky for noe, se nærmere». Det hjelpande imperativ-språket gjer det vanskeleg å lesa og å ta teksten seriøst, og slike utgjevingar gjer oss heller ikkje særleg klokare på kva wabi-sabi er. Bøkene er retta mot det personlege, som jo sjølvhjelpsbøker er, og seier dermed ikkje noko om dei større samanhengane, om kompleksitet og kontekst. Men ting er etter mi meining sjeldan enkle, så kvifor ikkje seia det som det er?

Karin Forslund, Pink Mattre III (2022). Klincast Glass.

Vel ein å sjå wabi-sabi i eit litt anna lys kan ein òg finna interessante koplingar til ny-materialistiske teoriar. Desse understrekar tilbliing og prosess – og at objekt er noko som blir heller enn er. Ein er her opptatt av verkekrafta i objekt – at denne ikkje berre finst hos subjektet. Ny-materialistisk tankegods fokuserer langt meir på former for verkeevne og kraft i materielle objekt og konstellasjonar enn det wabi-sabi gjer, men dei kan kanskje seiast å møtast i det at begge understrekar at materielle objekt er i tilstandar av tilbliing. Statsvitar Jane Bennett argumenterer for «mer oppmerksomme møter mellom menneske-materialitet og ting-materialitet». Kan det vera slik at wabi-sabi som filosofi og estetikk har i seg nokre av samtidskunstfeltet sine tankar og utforsking av korleis ting er og blir, og av merksemda som vert retta mot det materielle? Kva kunstnariske praksisar kan løftast fram frå ein norsk kontekst som understrekar prosess og tilbliing i sine materielle utforskingar, eventuelt òg synlege skadar og skavankar i kunstverk og objekt?

Wabi-sabi i kunsten

I jakta på spørsmåla ovanfor fann eg mykje interessant, eg gjorde det, om enn ikkje (så) mykje interessant som kan knytast til wabi-sabi. No er det heller ikkje slik at kunstnarar naudsynleg soknar til eller tydeleg seier at dei er inspirerte av wabi-sabi, det finst nokre, men det er ikkje mange.

Karin Forslund, Black Matter I (2022), klincast glass.

Blant kunstnariske praksisar som verkar i Noreg, og som eg har tenkt på undervegs i arbeidet med teksten, er praksisane til glaskunstnar Karin Forslund og den bergensbaserte kunstnaren Petra Rahm. Begge stillferdige, tankeopnande kunstnarskap som kanskje ikkje har mykje felles, men som likevel kan setjast i samanheng med dette eg driv og tenkjer på – med enkelheit, prosess og det uperfekte. Ingen av dei gjer sjølve koplingar til det japanske estetiske idealet, for å ha det sagt.

Glas og prosess

Understreking av prosess og tydelege produksjons- og tilbliingsspor er synlege i Karin Forslund sin kunstnariske praksis. Ho er utdanna innan glas og har praksis som glasblåsar frå Sverige bak seg. Spesielt i utstillinga Expanding Matter vist på Rogaland Kunstsenter i 2022 leikar Forslund med glas, tilbliing og objektstatus. Glasverka i Expanding Matter såg ikkje ut som glas, men dei såg tydeleg ut som dei var i ferd med å bli til. Som om dei var på eit mellomstadium som objekt, men ferdige som kunstverk. Nokre av dei synleggjorde si eiga forming, mellom anna kunne vi sjå stivna renne- og smelteprosessar i sylinderforma glasskulpturar som var frosne i ein tilstand med masse veltande over sine eigne breidder. Tida var som låst fast i verka, ho var ikkje avslutta, og det fungerte levandegjerande. Agensskapande. Objekta vart aktive.

Feminist og filosof Karen Barad si utsegn om historisiteten som heftar ved objekt, kan kasta lys over Forslund si eksperimentering med glas: «…materials are always and already on their ways to becoming something else – already an ongoing historicity.» Barad omtalar ein historisitet som er pågåande. Objekt er historie in the making. Utsegna kan takast til inntekt for at alle skapningar og all materie ikkje er noko som er, men snarare noko som blir, noko evig framveksande. Antropolog Tim Ingold er ein av dei som reflekterer over at det er langt frå klart når ein organisme vert ein artefakt, når materie vert eit objekt. På kva tidspunkt skjer statusendringa?

Forslund sine eksperiment bidrar til å mjuka opp distinksjonane mellom organismar og artefakter, mellom materialitet og objekt, og set tida og det prosessuelle i fokus. Vi ser naturlege og rå former, vi ser endringsprosessar, vi ser synleg tid.

Empati

I delar av Petra Rahm sin kunstnariske praksis, og kanskje spesielt i verket Spor frå 2021, finn eg ei tematisering av både det enkle, det flyktige, tilfeldigheiter og det uperfekte. Spor består av ein brodert duk der broderia ikkje er attkjennelege som mønster eller figurasjon, men kanskje som flekkar. Eg spekulerer i om intensjonen har vore å laga ein ufin duk. Å simulera liv, bruk, det levde som skjer oppå ein duk. Verket er kledd i smuss. Det har ein skakk venleik.

Petra Rahm, Spor (2019/2020)
Petra Rahm, Spor (2019/2020)

Kva adjektiv er ein duk? Han kan vera tiltalande, uvørden, vakker, skjør, fargesterk og mykje meir. Han kan òg ha synlege skadar etter bruk, spor i seg etter korleis han blei laga. Tid som har gått kan vera synleg i han. Frå faktisk bruk eller simulert bruk. Er det perfekt?

Det uperfekte i materielle objekt kan vekka empati hos oss. Koren skriv til dømes: «Imperfection-embodied things can arouse a sense of empathy.» Kvifor gjer dei det? Er det så enkelt som at det minner på at alle vesen og ting er feilbarlege? Minner oss på at vi alle er «i prosess»? Fordi vi alle veit at vi er ufullkomne, og dermed kjenner oss att? Er det vanskeleg å leva seg inn i det perfekte?

Å reparera med gull

Ein praksis som har wabi-sabi-filosofien i seg og dermed synleggjer kva han kan vera, er kintsugi. Kintsugi er ein praksis som reparerer skader ved objekt heller enn å vurdera dei som utgåtte og ubrukelege. Ein reparerer då ikkje på ein måte som forsøker å skjula skaden eller krakket objektet hadde, ein reparerer med gull. Med lakk og gullpulver. Dette ordnar objektet tilbake til status som brukande, men det tilfører det òg ny verdi. Viser skadar heller enn å skjula dei. Gjer objektet til noko nytt. Synleggjer og gjer at det ikkje treng kastast. Omfamnar det uperfekte. Sidan materialet er gull, gjer ein forsøksvis skadestaden, skaden, til det finaste ved objektet. Skadestaden skin.

Ein treng ikkje vera mykje av ein idealist for å synast at dette har noko for seg. Det er noko både djupt meiningsfullt og vakkert ved ideen om reparasjon og ei slags forskjønning av reparasjon. Det kan vera empatiframkallande.

Tankekraft

Spørsmålet for meg, som skriv om kunst og ikkje lagar kunst, blir i denne samanhengen om koplinga til det estetisk-filosofiske idealet wabi-sabi, slik det har transformert seg på reisa frå sin heimlege japanske kontekst og til det landa i Noreg, tilfører noko som helst av ny tankekraft i forståinga av kunstnariske praksisar og verka som kjem ut av dei, eller om krafta i dei nymaterielle perspektiva gjer nytten på eiga hand. Eg trur eg landar på det siste. Det verkar vanskeleg å koma forbi og under overflata av tankegodset i wabi-sabi-filosofien. Er det fordi wabi-sabi slik han har blitt transformert til Vesten, for evig er dømt til å vera platt og overflatisk? Wabi-sabi som konsept verkar vera så overtydeleg at det ikkje let seg bora i. Så ope at det er svært anvendeleg, så flytande at ein nærast ikkje kan nytta det feil.

Treffpunktet mellom wabi-sabi og nymaterialismen kan vera blikket mot materialiteten og understrekinga av det tidsbundne i materialitet. Materielle utforskingar som synleggjer tid og tilbliing. Så skil dei lag der det nymaterialistiske tankegodset tek til å utforska og understreka agensen i objektet og påverknadskrafta i materialiteten.

Petra Rahm, Spor (2019/2020)
Powered by Labrador CMS