Ellen Grieg, Dans 2, Dans 3, 2018. Egen teknikk i polyamid. Foto: Dag Fosse / KODE
Ellen Grieg, Dans 2, Dans 3, 2018. Egen teknikk i polyamid. Foto: Dag Fosse / KODE

Pulsen på samtida og punkterte glaslunger

Tittel: Årsutstillingen 2019

Kunstnere: 42 kunstnere/kunstnergrupper*

Sted: KODE, Bergen

Tid: 11. oktober 2019 – 5. januar 2020

Årsutstillingen 2019 stilles ut i Bergen på KODE 1 og viser ei aukande interesse for materialet glas, meir fokus på motiv og eit fråvær av monumentale verk. Den taktile utstillinga let ein oppleve 42 kunstnare/kunstnargruppers fordjuping og manipulering av materialar.

I det nyrenoverte KODE 1, til høgre for Breiviks søyle Helix, forbi Bergen Assemblys teksttunge utstilling, opp heisen til tredje etasje møter eg på Ellen Griegs Transformasjon. Tre grove nylontau heng frå taket. Freshe som nye sneaks. Repa oppløysast nedover mot golvet og avslører ei ufarga, lys innside. Det litle rommet som vanlegvis bare er staden mellom heisen og utstillingsromma er no ein plass for studie. Repa er ein fin parallell, eller vertikal om du vil, til Helix som er synleg også her ifrå.

Årets utstilling for samtidskunsthandverk har satt som mål å ta pulsen på dagens materialbaserte kunst og samtidig vise bredde. Når 42 kunstnare/kunstnargrupper og 57 verk stilles ut saman kan det fort bli kaotisk, men utstillinga er open og behageleg. 14 debutantar står sidestilt med veteranane.

Utstillinga bærer ikkje preg av nokon klare tendensar eller ein raud, kuratorisk tråd, men eit spanande element er at tross i Noregs mangel på ein rein glasutdanning, er mange av verka her i glas.

Materialet er blant anna representert som små, kjøttete, hudete mus, meir tradisjonelle vaselignande formar og vinner av Kunsthåndverkprisen fra BKH, Frantzsen&Mjanger, med verket Holde pust.

Prisen tildeles kunsten som sjåast som mest betydingsfull og juryen grunngir årets tildeling si høge aktualitet til samtida. Frantzsen&Mjanger har plassert hole glasformer som minner om deformerte lunger på eit bord av betong. Juryen ser forbindelse mellom verket og epoken me no er i, antropocen, kvar menneskets påverknad på jorda førar til klimaforstyrringar og med juryens ord truer verdas lunger. Vår utviska arbeidstid og fritid, endelause «å gjere»-lister og forstyrrande varslingar gjer at mange av oss kun brukar øvre del av lungene når me pustar. Dette aktualiserer verket enda meir.

Frantzen&Mjanger, Holde pust, 2019. Blåst glass, betong, metall, maling og samskapende publikum. Foto: Dag Fosse / KODE
Frantzen&Mjanger, Holde pust, 2019. Blåst glass, betong, metall, maling og samskapende publikum. Foto: Dag Fosse / KODE

Frantzsen&Mjanger viser oss tillit ved å oppfordre til å løfte og halde lungene. Det delikate glaset gjer at ein nesten helder pusten når ein løftar dei. Kjensla av det tynne glaset som setes ned mot betong; to harde materialar, eit skjørt og glatt, eit robust og grovt. Verket er taktilt på mange vis; vekt, temperatur, tekstur og lyd.

Dessverre irriterer eg meg grøn etter at en kritikersamtale gjorde meg merksam på den for estetiserte fonten på instruksane. Det enkle og materialfokuserte mister elegansen med den gule skrifta og kunstnarduoen motseier si påstand om at dei saman har «motet til å ribbe prosjektet for det som er overflødig». 

Eit anna spanande prosjekt i glas er debutant Jessie Blackmer som valte materialet på grunn av assosiasjonen til skjørheit. Ho har lagd ein 2,5 kg klump med små mus som skal uttrykke sårbarhet, ømheit og avsky. Det må vere nærmare hundre mus og dei lyserosa og samankrøkte vesena ligger oppå kvarandre som nyklekte fuglar eller smågodt.

Dei er ikkje sentrert midt på podiet, men har vrimla bort mot eit hjørne. Eg får assosiasjonar til  kloakkrotter eller kongerotter med flokete haler som har vakst saman og blitt omgjort til ein kropp. Dei ligger oppå kvarandre i ein varm klump og Blackmer lykkas med å skape ein illusjon av skjør, blaut hud.

Jessie Blackmer, Crushed, 2019. Flameworked and kiln formed glass. Foto: Dag Fosse / KODE
Jessie Blackmer, Crushed, 2019. Flameworked and kiln formed glass. Foto: Dag Fosse / KODE

Frå Blackmers tandre musehud, til kattas indre. Debutant Kadri Allekands nysgjerrigheit på kattars oppbygging resulterte i tre hekla katteskjelett. Dei tynne skulpturane i ull kan krøllas saman til ein liten ball ser eg for meg, nesten som eit nøste, ikkje framand for ein pus. To av dei ligg forsvarslause på golvet, mens den tredje har kavra seg opp ved hjelp av ein indre struktur i metall. Eit skjelett inni skjelettet. Som ein arkeolog som puslar saman einslege knoklar til ein kropp, må dette verket leggas i rett posisjon og det er ein varsam, tålmodig omsorg som kvilar over dei tre tekstilarbeida. Dei tynne kroppane brettes ut, plasserast nøysamt, foten må vinklas rett i forhold til hovudet og så vidare. I likskap med musene verkar dei forsvarslause og svake.

Kattane og spesielt musene er eit eksempel på ei anna tendens eg ser i utstillinga. Kunstnarane har arbeida i mindre format og me finner fleire små skattar, som Sigurd Brongers brosje Skisse i gull, kvar sida med gull vil hamne på innsida av ei jakkeslag og skjule det edle metallet. Juryleiar Kiyoshi Yamamoto trur at årsaka til dei aukande miniatyrverka er at kunstnare vil ha eit meir overskodeleg resultat. Monumentale verk er meir eller mindre fråverande, men eg vil kikke vidare på nokon større tekstilarbeid.

Ein av dei meir etablerte i stallen, Kari Hjertholm, presenterer eit tidkrevjande syprosjekt inspirert av Vestlandets kraftige nedbør, og jord- og steinrasa som følger med det. Transparent fall sildrer og skummar nedover veggen som ein stille, roleg sjø og er eit av dei største verka her. Det er mykt, følsamt og trøystande. Over 15 kvadratmeter, som tilsvarer min første hybel med kjøkken, bad, stove og soverom inkl., har ho sydd små løkker gjennom insektsnetting. Det bølgande tekstilet blir desto meir interessant jo nærare ein kjem. Den lyse tråden i løkker over blå netting skaper eit volum og mjukheit, med mørke skuggelagte dalar.

Kadri Allekand, Inside a Cat I, 2016. Crochet in mixed wool yarn. Foto: Dag Fosse / KODE
Kadri Allekand, Inside a Cat I, 2016. Crochet in mixed wool yarn. Foto: Dag Fosse / KODE

Mens Hjertholms verk er meir alvorsprega, er Siri Berqvams stadsspesifikke tekstilverk som kryper ned frå taket og fester seg i veggen, eit meir leikent tilskott. Det liknar strømpebukser eller nettet som Spiderman skyt ut av handleddet. Polyesterjerseyen strekk seg frå ei søyle til ein vegg og tekstilspennet sperrer, eller binder romma samen. Tittelen Fungus tilfører eit nytt element og tekstilet vakser kanskje ut av veggen i staden for å klamre seg til den. Eit verk ein kan sjå lenge på. 

Kadri Allekand, Inside a Cat I, 2016. Crochet in mixed wool yarn. Foto: Dag Fosse / KODE
Kadri Allekand, Inside a Cat I, 2016. Crochet in mixed wool yarn. Foto: Dag Fosse / KODE

Mens nokon kunstnare dyrkar materialets kjenneteikn, kvaliteter, utsjånad, har andre manipulert dei og utviser ein kontroll og nysgjerrighet over materialet.

Helen Birgitte Hausland stillar med to verk i handmodellert, glasert steingods, og spesielt den kollapsa ringen ser ut som tungt tekstil. Som eit vått handkle hengar det tungt mot golvet, frå eit band. Bandet er ein fin detalj der tekstilet møter det manipulerte steingodset. Den keramiske konstruksjonen lages ved at ho setter ein tommelbit leire inntil ei anna og slik lager repetative, nedgravingar som blir eit mønster. Haven’t We Met Before? kallar ho dei.

Sigurd Bronger, Skisse i gull, 2018. 18 karat hvitt og gult gull, stål og emaljelakk. Foto: Dag Fosse / KODE
Sigurd Bronger, Skisse i gull, 2018. 18 karat hvitt og gult gull, stål og emaljelakk. Foto: Dag Fosse / KODE

Eit høgdepunkt som utmerkar seg, kanskje ikkje visuelt, men konseptuelt, er vinner av NKs debutantpris Veslemøy Lilleengens Heimstavn. Frå heimgarden sin har ho brukt mold til å lage 52 jordkuler i hikaru dorodango; ein japansk teknikk kor man presser jord saman med henda til ei kule og lagvis, med gradvis finare mold, legg på fleire lag før ein avsluttar med å polere kula glatt med ein handduk. Kulene finner ein gjerne i ein japanske hage. Det er ein tidkrevjande prosess og halvt japanske Kiyoshi har sjølv prøvd, men ga opp. Han fortel at ein kvar japansk ungdom har blitt satt til å laga ein dorodango, som straff for noko. Lilleengen vaks opp på gard og fortel at dei siste åra har ho vakna om natta og vore redd for at ho ikkje husker korleis man pløyer.

Dei skinnande kulene med tilsynelatande hard, solid overflate består kun av jord, leire og strå. Tross deira robuste utsjåande, er dei skjøre og lett knuselege. Heimstavn er plassert på ei trefjøl på golvet og gir assosiasjonar til det klassiske spelet labyrint kor ein skal leda ei metallkula gjennom ein labyrint ved å styre kulas retning gjennom å forsiktig helle og vinkle brettet. Eg førestillar meg at eg vippar fjøla opp slik at dei rullar ut. Ein kan nesten høyre lydane av metall mot tregolv, men truleg ville dei knust og smuldra opp eller lagd ein meir dump lyd.

Kari Hjertholm, Transparent fall, 2019. Sytråd tuftet som løkker over insektsnetting. Foto: Dag Fosse / KODE
Kari Hjertholm, Transparent fall, 2019. Sytråd tuftet som løkker over insektsnetting. Foto: Dag Fosse / KODE

Katalogboka vier 2-3 setningar til kvar kunstar og dei korte tekstane etterlet verka opne for publikum. Det oppfordrar oss til å bruke sansane. Utstillinga står fram som fragmentert kor kvart kunstverk står for seg sjølv, utan koplingar til kvarandre. Det trenger ikkje å vere negativt, men kan sjåast på som generøst og opent.

Åsa Opedal

Siri Berqvam, Fungus, 2019. Håndsøm på polyesterjersey. Foto: Dag Fosse / KODE
Siri Berqvam, Fungus, 2019. Håndsøm på polyesterjersey. Foto: Dag Fosse / KODE

*

Andrea Scholze (f. 1988) bosatt i Oslo
Anne Léger (f. 1966) bosatt i Oslo
Astrid Sleire (f. 1961) bosatt i Bergen
Camilla Luihn (f. 1968) bosatt i Oslo
Cathrine Maske (f. 1966) bosatt i Oslo
Cato Løland (f. 1982) bosatt i Bergen
Eirik Gjedrem (f. 1959) bosatt i Søgne
Eirin Bjørsland Hansen (f. 1985) bosatt i Haugesund
Elin Hedberg (f. 1988) bosatt i Oslo
Ellen Grieg (f. 1948) bosatt i Oslo
Elna Hagemann (f. 1976) bosatt i Oslo
Erlend Leirdal (f. 1964) bosatt i Trondheim
Frantzsen&Mjanger (Maria Almås Frantzsen og Ruth Hol Mjanger begge f. 1977) bosatt på Nesttun
Hanna Roloff (f. 1985) bosatt i Oslo
Heidi Bjørgan (f. 1970) bosatt i Bergen
Helen Birgitte Hausland (f. 1974) bosatt i Oslo
Ida Carolyn Helland-Hansen (f. 1963) bosatt i Bergen
Ingibjörg Guðmundsdóttir (f. 1980) bosatt i Oslo
Jessie Blackmer (f. 1982) bosatt i Bergen
Kadri Allekand (f. 1985) bosatt i Fredrikstad
Kari Hjertholm (f. 1954) bosatt i Søreidgrend
Kirsten Vikingstad Storesund (f. 1988) bosatt i Torvastad
Kjersti Johannessen (f. 1977) bosatt i Oslo
Kristin Lindberg (f. 1950) bosatt i Noresund
Margrethe Loe Elde (f. 1968) bosatt i Hokksund
Millie Behrens (f. 1958) bosatt på Slependen
Nina Malterud (f. 1951) bosatt i Bergen
Olaf Tønnesland Hodne (f. 1990) bosatt i Oslo
Pål Vigeland (f. 1944) bosatt i Oslo
Reinhold Ziegler (f. 1965) bosatt i Kristiansund
Ruth Moen (f. 1972) bosatt i Indre Arna
Signe Halle (f. 1955) bosatt i Bergen
Sigurd Bronger (f. 1957) bosatt i Oslo
Siri Berqvam (f. 1977) bosatt i Sandefjord
Solveig Aalberg (f. 1955) bosatt i Asker
Thomas Iversen (f. 1985) bosatt i Oslo
Tim Ekberg (f. 1987) bosatt i Bergen
Tovelise Røkke-Olsen (f. 1959) bosatt i Trondheim
Unn Fahlstrøm (f. 1975) bosatt i Moss
Veslemøy Lilleengen (f. 1975) bosatt i Trondheim
Vidar Koksvik (f. 1969) bosatt på Kirkenær
Øyvind Suul (f. 1967) bosatt i Oslo

 

Helene Birgitte Hausland, Haven´t We Met Before?, 2019. Håndmodellert glasert steingods, lastestropp og stålkrok. Foto: Dag Fosse / KODE
Helene Birgitte Hausland, Haven´t We Met Before?, 2019. Håndmodellert glasert steingods, lastestropp og stålkrok. Foto: Dag Fosse / KODE

 

Veslemøy Lilleengen, Heimstavn, 2019. Hikaru Dorodango, jord, leire og strå. Foto: Dag Fosse / KODE
Veslemøy Lilleengen, Heimstavn, 2019. Hikaru Dorodango, jord, leire og strå. Foto: Dag Fosse / KODE
Powered by Labrador CMS