Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen
Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen

Kulturell appropriering og sinte prosesser

Tittel: M. Butterfly / EGG.SPINE.PILE.

Kunstner: Kim Hankyul / Eirik Falckner

Sted: KRAFT, Bergen

Tid: 4. februar – 3. april 2022

På galleriet KRAFT i Bergen møtast to kunstnarskap: Eirik Falckner sine glefsande, vulkanske korallar og Kim Hankyul med eit kinetisk teater.

I hovudrommet spinner ei hovudlaus skikkelse kledd i keramisk kimono. Armane er utstrekt og hen liknar eit fugleskremsel på storleik med eit vaksent menneske. Rommet er bada i sonisk musikk og lilla ljos. Eit skarpt lys blinkar idet ein raud paraply slår seg opp, og lyden av motorsag og cymbal går i loop.

Som tittelen visar til er Kim Hankyuls utstilling inspirert av M. Butterfly (1988); eit teaterstykke om Shi Pei Pu, ein kinesisk spion utkledd som kvinne, tilsett av dei kinesiske myndighetene for å spionera på den franske diplomaten Bernard Boursicot. Boursicot forelskar seg i spionen, og bedrar si eige kona. Kona oppdagar bedraget og forlèt han. Då M. Butterfly, eller Monsiur Butterfly, avslørar sitt eigentlege kjøn og agenda, vert det for mykje for Boursicot, og franskmannen tek sitt eige liv.

Stykket er ein kommentar til operaen Madame Butterfly (1904) der ein amerikanar giftar seg med ein japansk geisha som let seg forføra og gjer slipp på sin eige kultur, tru og familie. Ho vert ein utstøtt i sitt eige land. Då amerikanaren forlet geishaen, avsluttar ho livet sitt. I dette binære, imperialistiske stykket er kvinnen underdanig mannen og Austen undertrykt av Vesten, medan i den nye tolkinga, M. Butterfly, vert rollene snudd; kvinna tek kontroll og den asiatiske karakteren står i maktposisjonen.

Stykket peikar på vestlege fordommar, og sett ljos på problemstillingar kring rase, LHBTQ+ og kjøn. Dette inspirerte Hankyul til å konstruera eit Asia som vekslar mellom det autentiske og kulturelt approprierte og han brukte asiatiske restaurantar i Vesten som inspirasjon. Her fann han ein «asiastisk estetikk» konstruert i Vesten. Ein estetikk han ikkje kjenner igjen frå heimlandet Korea.

Eit døme er eit raudt broderi som skal likna eit symbol frå Austen, men som kunstnaren berre har dikta opp, som ikkje betyr noko. Ei bolle med tørris på lilla satengpute, brekte kvistar som symboliserer eit bonsai tre og raude glasrøyr som kan likna samuraisverd er andre dømer på fortolkingar av ein asiatisk estetikk. 

Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen
Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen

Lyden av drapert glas
Hankyul brukar framleis mekaniske element som lager lyd og rørsler i eviggåande loops, men utstillinga har fleire dekorative element enn me er vane med å sjå frå kunstnaren. M. Butterfly bognar av formar og materialar og spenner frå broderte tekstil til manipulerte metallstenger og trekonstruksjonar som bærer høgtalarane, men det er glasskulpturane som utpekar seg.

Glaset heng som draperte venger frå kimonoen, ligg folda på hyller som tjukt tekstil, eller bølger seg ned over golvet. Tross at glaset er hardt, ser det mjukt og flytande ut. Prosessen er synleg i resultatet og Hankyul utvisar ein kontroll over materiale.

Høgdepunkta er verka som implementerer glas i Hankyuls styrke; kinetiske skulpturar. Slagverk som trommer på papirtynne glasveggar i ein rytme konstruert for å etterlikna eit koreansk lydbilete. Mikrofonar som er senka ned i sylindre og spelar av sine eigne vibrasjonar. Utstillinga kunne med fordel strippa vekk nokre element og materialar og la den fokusera på ei naturleg utvikling av Hankyul sitt arbeid der kinetiske prosessar og glas møtast.

EGG.SPINE.PILE. av Eirik Falckner

Vidare inn i galleriet, i det vesle utstillingsrommet Hvelvet, står arbeida til Eirik Falckner. Fordelt på få kvadratmeter står tunge keramiske skulpturar på pidestallar. I likskap med Hankyul er uttrykket rikt, men her er det fokus på eit materiale: keramikk.

Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen
Kim Hankyul, M. Butterfly. Foto: KRAFT, Bergen

Falckner er ein prosessorienterte kunstnar som ynskjer at verka skal bera preg av at han arbeidar raskt, valdsamt og intuitivt. Den ekspressive prosessen er utan plan og skulpturane veks fram medan han arbeidar. Falckner er óg metall- og støymusikar og brukar gjerne sinne som drivkraft. Han følger ikkje læreboka – og steingods, porselen og terrakotta vert brukt om kvarandre utan omsyn til at dei krympar ulikt. Glasurar som reagerer på kvarandre og krakelerer er ein del av prosessen og uttrykket.

Fordjupinga i keramikk passar definitivt inn på galleriet for samtidskunsthandverk.

Arbeida er grove og klumpete med jordlege, varme fargar som smeltar saman, inn og rundt formane. Fargespelene stimulerer auga og tørre, porøse overflatar glir over i glatte, våte glasurar. Pølseteknikken er synleg og armar går inn i kvarandre og lagar skjulte rom.

Tittelen tilseier at det er noko som lever, eller er i ferd med å vakna opp: egg, ryggrad, haug. Egg inneheld ein form for statisk, avgrensa liv som ikkje riktig har starta. Skulpturane liknar undersjøiske reptilar og korallar – og då nokre tenner dukkar opp, vaknar keramikken. Fleire pirajaaktige kjeftar støypt inn ved sidan av kvarandre vert til eit andlet. Dei billege haitenna, kjøpt på eit naturhistorisk museum i Berlin, er implementert i Falckner sitt handverk på vellukka vis og gjer skulpturen eit nærvær.

Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen
Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen

I utstillinga heng og ei treplate brukt til tresnitt. Han kallar det ein collage av Google-søk og motiva varierer frå rottekonger, ei siamesisk geit, muterte vesen og digitale teikn som liknar knappar på eit datatastatur. Den unge kunstnaren er ikkje berre keramikar, men lagar óg måleri, installasjonar, grafikk, vev, tatoveringar, musikk, film og mosaikk – og ber stort preg av fridom i måten han arbeidar på og utforskar ulike uttrykksformar.

Ein smakebit av eit større undersjøisk univers

Utstillingsteksten skildrar Falckner sitt univers som fylt med forhistoriske landskap og moglege framtidige mutasjonar der verka peikar framover og bakover. Skulpturane med haitenner passar denne skildringa, medan dei andre er meir statiske, og peiker mest ned i havet.

Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen
Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen

EGG.SPINE.PILE er gjennomført, men ikkje den mest nyskapande utstillinga.

Falckner arbeidar med eit prosjekt der han legg skulpturane i sjøvatn over seks månadar for å sjå korleis dei reagerer på havet. Han heklar óg masker som snakkar med skulpturane formmessig. Desse er diverre ikkje med i utstillinga og presentasjonen av nokre verk me får sjå i EGG.SPINE.PILE, verkar som ei skisse i eit større univers der skulpturane faktisk er undersjøiske og mennesker kan transformerast til noko ukjent ved å tre på seg hekla masker. Eg vil gjerne sjå heile universet.

 Åsa Opedal

Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen
Eirik Falckner, EGG.SPINE.PILE. Foto: KRAFT, Bergen
Powered by Labrador CMS