Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto
Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto

Eit kinderegg, og eit forsøk på å lytte til motstand forma i stein

Tittel: Normal behavior, behave normal

Kunster: Erika Stöckel

Sted: KRAFT Bergen

Tid: 29.januar – 28. mars 2021

Midt i rommet heng eit tynt, blått tøystykke frå taket. Ustrøket. Som om himmelen har blitt frakta i koffert frå ein anna stad. Himmel-teppet ligg litt utover golvet under to benker, og er scenografi for eit klasseportrett på barneskulen. Men det sit ingen barn på benkane. Det ligg klumpar der. Klumpar av leire, som liknar kroppsfeitt, eller bolledeig. Eit måleapparat har teke eit grep rundt ein av klumpane. Ei klype med glassert magefeitt, som markerar det ikkje-perfekte. Det som har tyt utanfor kroppsidealet. Utanfor normalen. «Normal behavior, behave normal». Feite barn er eit resultat av at foreldrene langsamt har bygd eit fengsel rundt barnekroppen. Ein kropp som hindrar fysisk leik.  

Ein av klumpane på første rad liknar ei blanding av donuts og eh…livredningsringar (?). Eg veit ikkje kva dei heitte, men du veit kva eg meiner; slike som heng ved sjøkanten, og om ein er flink til å kaste, og veit at ein ikkje kjem til å treffe hovudet til den som er i nød, skal ein kaste dei ut. Men om ein kastar for mykje donuts i barnegapet, flyt barnet kanskje betre. Slike ting har ein lov til å tenkje når ein står i gallerirommet, men ein skal visst helst ikkje snakke om det. Stabelen med klumpar, liknar óg ein steinvarde. Ein markør som viser at menneske har vore der. Eit spor av tilstadeverande frå tid som har passert. Det kunne ha vore i går. Eller ein anna dag.

Me kravlar oss framover på ei linje av tid. Langs denne tidslinja, står nokon og definerer ein normal. Normalen er kronisk under endring, og blir konstruert med utgangspunkt i kva logikk som råder i tida. Likevel er det sjeldan at normalen er bra nok til at den blir sett som idealet. I samtida har ein eit langt større fokus på kategoriar enn ein hadde på 80-talet, då eg var barn. Eg er ganske sikker på at Carl von Linné hadde gledd seg storvegs over den utviklinga. På benkane framfor meg, ser eg óg måtane skulen i dag, og Supernytt (nyheitssending for barn) presenterar barna for rigide kjønnsstereotypiar. Barna lærer at om ein til dømes er jente, og ikkje likar kjoler og dokker, har ein kanskje ein sjukdom og er født i feil kropp. Då må ein få hormonbehandling, og operere kroppen slik at ein passar inn. «Normal behavior, behave normal».

 I dag finst det nemleg ein fasit på kva ein skal like og ikkje like, basert på kva kjønn og kropp ein har. Då kan ein fort bli ein menneskeleg feil. Eg er ei av dei som hadde vore feil i følge kjønnskategoriane, om eg var barn i dag. Målereiskapar i metall ligg pressa mot dei små kroppslege klumpane på benkene. Den eine klumpen er kutta i to. Ein av delane er fjerna. Biologien må vere samanhengande med den språklege definisjonen. Viss ikkje må noko skjærast vekk. «Normal behavior, behave normal».

Kropp er ikkje berre kjønn, er ikkje berre feitt. Kropp er gener, historie skrevet i celler. Arv. Inni kroppen veks det røter, og somme røter har ikkje vore i jord, for det er ein avstand mellom der ein er, og der genene og slekta kom frå. Sidan eg las utstillingsteksten før eg gjekk inn i utstillinga, veit eg at dette eigentleg handlar om historie og kultur som pulserar inni kroppen. Blodet er ei elv som renn inni landskapet inni kroppen, og bringer livet frå sogene ein bærer inni seg rundt, og rundt. Pulserande under huden. Kanskje hadde eg umiddelbart sett noko anna i utstillinga, om eg var samisk, eller om eg hadde samiske forfedre. Eg har ikkje samiske slektningar, men eg har budd i Kautokeino. Å ha budd ein plass er ikkje det same som å forstå korleis det er å høyre til der.

Eit av måleapperata som pressar og formar leireklumpane er av typen som blei brukt til å måle hovudomkretsen på menneske, i ei tid kor ein ikkje berre definerte folk som kjønn, men óg som «menneskerasar». Å definere er óg eit forsøk på å forme. Forenkle. Tvinge nokon inn i ei forenkla form. Steingodsleire er lett å forme. Den er langt meir føyeleg enn til dømes porselensleire. Likevel framstår desse klumpane som om dei har ein indre ibuande motstand mot måleapperata i metall, som somme av dei har blitt utsatt for. Motstanden har ikkje oppstått i materialiteten. Den er bevisst forma. Etter at motstanden har blitt forma, er den brent i omnen, og slik omgjort til noko som treng ubeskriveleg lang tid å bryte ned i naturen. Motstand definert i stein. Det er ein grunn til at ein finn mykje potteskår i arkeologiske utgravingar. Her treng ein ikkje grave i mold for å finne historia objekta utøver sin motstand mot. Ein må grave i stillheita. I det som ikkje blir snakka om. Ein må grave i stillheita kring måten samane har blitt behandla.

Atter ei gong må eg nemne Carl von Linné. Han var ikkje den einaste i si tid som brukte kategorisering som ein måte å forenkle verda for å gjere den forståeleg. Men det er han som i ettertid er mest omtalt. Kanskje fordi han lagde det mest omfattande systemet av planteriket, og kanskje fordi hans kategoriseringsmåte inspirerte andre. Sagt veldig enkelt, blei den same logikken brukt i forsøk på å forstå dyr og menneske. Ut frå den tankemåten blei menneske plassert i ulike «artsklassar». Måleapperata, og særleg fasongen på kraniet, definerte kva grupper/klassar ein skulle plasserast i. Det blei blant anna sagt at folk frå arbeiderklassen var flatare i bakhovudet, og at ein ut frå dette og ei rekke andre kriterier, kunne bestemme kva plass ein skulle ha i samfunnet. Alle «menneskerasar» blei målt. Ut frå ein standard satt av dei som sat med definisjonsmakta, blei den kvite mann, om ein passa inn i visse definerte fysiske trekk, kategorisert som idealet. Alle andre blei definert som lågareståande, på kvar sine trappetrinn i rangstigen. Ein stige bygd av språkleg vold og misbruk av ord. Målinga av hovudformen til samer har i ettertid blitt eit symbol på undertrykkinga, sidan det blei det brukt for å definere dei som mindreverdige. Somme seier at «uvitenheten er ond». Kanskje er forsøka på å forstå, somme gonge langt ondare.

Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto
Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto

 Det å forstå menneske ut frå same logikk som ein forstod planter, blei i makt av vitskapen brukt for å tildele nokre grupper rett til utøvande makt ovanfor andre. Til dømes råderett over dei samiske landområdene. Noko som har store konsekvensar når ein lever av og i naturen.

Skulegang er eit vondt tema i samisk historie. Samiske barn blei sendt på internatskular, kor det var ulovleg å snakke morsmålet. Sett i ljos av samtida ville nok heile konseptet ha blitt definert som barnemishandling. Tidlegare trudde eg at internatskular, eller det å bli sendt vekk heimefrå for å gå på skule, var unikt for samer og misjonærbarn, men for nokre år sidan møtte eg ein mann som vaks opp på ein (framleis) veglaus fjellgard på Vestlandet. Der var det ikkje internatskule, men han og dei andre barna blei sendt heimefrå og busatt hjå framande i ei bygd kor det var skule. Slik var det visst mange plassar her i landet, i område utan vegar, og kor diverse geografiske/geologiske årsakar gjorde det umogeleg å reise til og frå skule. Kanskje var det den einaste måten ein kunne sikre skulegang for barn som budde på utilgjengelege plassar?

Det eg har skreve no, kan sikkert feiltolkast. Eg prøver ikkje å bagatellisere at samiske barn blei sendt på internatskule. Eg prøver å forstå kvifor det blei gjort. Ein kan skulde på kristendommen, og misjonærane som reiste rundt og skulle omvende og «sivilisere» folk. Ein kan skulde på vitskapen, som ser svært irrasjonell ut når ein ser bakover i historia. At i eit samfunn kor «det rasjonelle» og «forståing» blir sett som øvste idealet, vil ein gjere ALT for å sikre skulegang til alle.

Ein kan skulde på antropologane. På Linné. På biologane. Ein kan skulde på at folk var dummare før. At dei ikkje hadde den same tilgangen til bøker, internett, informasjon og forståing. «Normal behavior, behave normal». Ein vil alltid handle ut frå samtida sin rådande logikk. Men sanning er det vakuum som oppstår når ein sluttar å stille kritiske spørsmål, og retninga framover blir definert av tuppen på skoen og kva steg ein tek her og no. Me veit ikkje før etterpå, om det var riktig, eller klokt.

 Eg står og ser på leireklumpane som sit på benkene sine med den krøllete, blå himmelen i bakgrunnen. Eigentleg kunne eg ha skrevet ein lang tekst om kor perfekt spenst linjene i objekta har, men det ser ein lett når ein står i utstillinga, så det var liksom inga grunn til å skrive om det.

Objekta på benken er klumpar av motstand. Motstand mot tvang og undertrykking, men dei har ikkje knust av motstanden. Kanskje fordi dei på same tid føyde seg i punkta kor motstanden traff. Bøyde seg innover nokre plassar, men vida seg ut og tok plass på andre område. Litt slik er mitt inntrykk av samisk kultur. Dei har klart å behalde sin identitet, si form, på tross av at det har blitt pressa veldig hardt på mange punkt.

Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto
Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto

Motstand ligg somme gonger i pulsen, og i alt som nektar å underkaste seg det samfunnet har bestemt er riktig. Skulle ønske eg kunne avslutte dette med eit sitat av Adorno, kor han spør kva som er normalt viss samfunnet er sjukt. Men eg hugsar ikkje kva side det stod på i boka, og eg har ikkje tid til å lese heile boka på ny før denne teksten skal vere ferdig. Ord vil uansett aldri kunne romme det same som kunsten.

Om eg ikkje hadde lese utstillingsteksten på førehand, hadde eg ikkje sett det same som kunstnaren. Somme vil kanskje tenkje at det var feil, at ustillinga for meg enda opp med å innehalde tre ulike tematikkar. Eg tenkjer det meir som eit kinderegg; tre gode ting på ei gong, for alle tre tema er viktige på kvar sine måtar, og kanskje ligg det noko i punkta kor dei ulike tematikkane møtast. Noko eg kan tygge vidare på. Men aller mest sit eg att med ei kjensle av at det å prøve å forstå, kan ha destruktive konsekvensar om ein ikkje lyttar til det, eller dei, ein prøver å forstå. Eg skal øve meg på å lytte betre.

Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto
Erika Stöckel, fra utstillingen Normal behavior, behave normal på KRAFT Bergen. Foto: Jannica Luoto

Brynhild Grødeland Winther

Powered by Labrador CMS