Eli Glader, BEGYNNELSER IV-V en fortsettelse, 2017. Utendørs installasjon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Eli Glader, BEGYNNELSER IV-V en fortsettelse, 2017. Utendørs installasjon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

Kunsten å skape potensiell støy

Kunstnere: Eyvind Solli Andreassen, Heidi Bjørgan, Jens Erland, Eirik Gjedrem, Eli Glader, Cecilie Haaland, Helen Birgitte Hausland, Berenice Hernàndez, Hanne Heuch, Moa Håkansson, Trine Hovden, Nils Martin, Bjørn Mortensen, Irene Nordli, Christina Peel, Tovelise Røkke-Olsen, Andrea Scholze og Lillian Tørlen

Tittel: Mindre enn 0,002 mm

Sted: Hå Gamle Prestegard

Tid: 5. juni – 5. september 2021

Eg sit inni eit skap og skriv, fullstendig klar over at skap heitte skåp på nynorsk. Slutt å skape deg, kan omsetjast til stop creating yourself. Å skape er kanskje ein vesentleg del av det å vere menneske. Å materialisere tankar. Når ein skapar noko med hendene, inneheld resultatet alltid ein bit av seg sjølv. Never stop creating yourself! Making sense med hendene.

Dette er ein leik. I leiken finst andre reglar enn i realiteta. Skap. Utanforskap. Leik inneheld eit alvor ein berre ser hjå den type vaksne som er svært opptekne av reglar. Mannskap. Kjøleskap. Ein leikar ikkje kunst. Kontradiksjon. I kunsten er det lov å bryte reglar. Kunnskap.

For nokre dagar sidan, var eg på Hå Gamle Prestegard og såg utstillinga med tittel Mindre enn 0,002 mm. Utstillinga viser keramikkarbeid laga av 18 svært ulike kunstnarar. Ulikskap. For stor likskap får menneske til å likne maskinproduserte lik. Eigarskap. Eigenskap. IndiviDUALISME.

I keramikkutstillingar må ein røre seg omtrent like roleg som når ein sit inni skapet, og ikkje vil bli oppdaga. Ein kropp plassert nokre millimeter feil i rommet, kan velte ein abnormt stor lyd. Stillheita kan faktisk knuse. Ved resepsjonen står det første verket i utstillinga, og utgjer eit potensielt rabalder i møte med manglande varsamheit. Verket er ein nudel-aktig klosse av små brente keramikkbitar vikla saman til ei perfekt firkanta form, balanserande på ein palle.

Trine Hovden, Akumullasjon, versjon 2021, Hå. Restmateriale fra andre verk Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Trine Hovden, Akumullasjon, versjon 2021, Hå. Restmateriale fra andre verk Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

Medan eg får høyre korleis Trine Hovden sin Akumullasjon, versjon 2021, Hå i løpet av langsame timar har blitt satt saman utan lim eller andre eksterne bindingsmiddel, trakkar nokon over streken, og går for nær. Eg gispar og får vedkomande ut av firkanten. Så skjer det same igjen, og eg kjenner tittelen på utstillinga i kroppen, som ei knusbar nervøsitet. Regel nr. 1: Du skal ikkje gå over streken. Det finst faktisk reglar innan kunsten som ikkje skal brytast.

Trine Hovden, Akumullasjon, versjon 2021, Hå. Detalj. Restmateriale fra andre verk. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Trine Hovden, Akumullasjon, versjon 2021, Hå. Detalj. Restmateriale fra andre verk. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

Det første eg legg merke til når eg kjem inn i det neste rommet, er Heidi Bjørgan sin vegginstallasjon. Installasjonen består av ein flokk små, gule keramikkhyller, pryda med løver og akantus-ornamentikk. Berre ei av hyllene har ei anna nyanse enn gult, og alle har ulike typar glasur. Somme har matt overflate. Andre glinsar som nysugde drops. Nokre av hyllene har sprekker i overflata. Her veit eg at det ligg mykje materialinformasjon for dei som kjenner litt av løyndomane bak glasurblanding. Eg er desverre ikkje ein av dei. Utanforskap. Likevel likar eg denne påminninga om andre si kunnskap om materiale.

Oppå dei fleste hyllene, ligg ei smankrølla skål med fantastiske glasurfargar. Dei bøyde og vridde skålene ser underleg mjuke ut i forma. Som om dei framleis består av våt leire under den harde glasuren. Bøyinga har pressa funksjonen ut av skålene, så dei ikkje kan brukast som suppeskåler. Det er som om dei seier føkk off til heile idéen om keramikk som handverk og bruksobjekt. Og kanskje nett difor, får eg lyst til å drikke suppe frå skålene, berre for å utfordre motstanden i dei. Men eg vil tape. Suppa vil mest sansynleg renne nedover halsen, nedover kleda mine, og farge meg med ei klissete suppe-glasur. Så blir eg ståande og lure på kor vidt andre ville ha definert meg som ein person som utfører den rollen eller forma som er forventa av meg. Eg trur somme ville ha plassert meg på den tomme hylla, så eg kunne hatt min plass blant alle dei ikkje-brukbare skålene.

Bak ryggen min står ein av Irene Nordli sine destruerte figuriner, og strekker armstumpane mot taket i ein stilleståande dans. Eg trur den dansar vidare når eg går ut av rommet. Når ingen ser.

Heidi Bjørgan, The Yellow Wall II, 2019. Steingods og leirgods. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Heidi Bjørgan, The Yellow Wall II, 2019. Steingods og leirgods. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

I vidauget står ei krukke og leikar med tyngdekrafta. Den har liksom velta litt av magefeittet sitt over karmen. Den liknar eit lite dyr, eller ein fugl, som sit og vippar på kanten og ser ut av vindauget. I dei andre romma finn eg fleire slike krukker laga av Lillian Tørlen. Somme av krukkene pressar seg mot rekkverk og hjørner. Kanskje er dei meir mennesksleg enn dyrisk. Menneskeleg på ein måte som vekkjer ei slags distansert sympati. Dei har gitt etter for press, og stivna i ei form definert frå utsida. Menneske har (i følge mine frittgåande teoriar) ei slags indre kjerne som i ulik grad let seg forme av det ein har rundt seg. Somme har ei kjerne av ulike grader ibuande trass, vilje eller motstand, andre har ei mangel på motstand, som gjer at ein lett inntek underlege former etter det ein har rundt seg. Sjølv om ein plasserar Tørlen sine krukker ein anna plass, vil dei alltid ha merke etter noko som var. Som om dei berre høyrer til ein plass. Som pusslespelbrikker. Skap deg sjølv. Latskap.

På golvet i det neste rommet, ligg eit objekt og imiterar ein slags kvernstein. Leire er resultat av fjell kverna ned til små partiklar. Ved hjelp av varme i keramikkomnar, blir dei på ny som stein. Tung truskap.

Litt bortanfor ligg eit anna kvernsteinforma objekt som liknar eit filter av papirtynn leire. Porselen kanskje. Skjørt som sjølve tida. Midten av sirkelen, er av glas, som på ei kameralinse. Skulle ønske at dette objektet låg heilt åleine i eit rom. Så kunne det vere ein kvernstein likevel, kor tankane kunne kverne til dei tok slutt. Til slutt eksisterte berre tida som flytta skuggar mellom rillene i overflata.

Irene Nordli, Oppløst figurin 2, 2019. Steingods. Foto: Brynhild Winther
Irene Nordli, Oppløst figurin 2, 2019. Steingods. Foto: Brynhild Winther

Mellom dei to kvernsteinforma verka, ligg to slags eggebrett, med runde kuler. Kuler som ser gode ut å halde i handa. Eg har lyst til å løfte dei opp. Men klarar la vere. Eg klarar òg å la vere å trille dei sakte bortover golvet. Sjå kva vegar dei vel å gå. Desse tre verka, laga av Jens Erland, inneheld ei slags meditativ ro, som forankrar tankane til jorda slik at dei kan fly utan å blåse vekk. Kanskje blir det forsterka av somme av dei andre arbeida si manglande respekt for tyngdekrafta.

I ei ramme på motsatt side av rommet, har Christina Peel bretta, og satt saman tynne, glaserte porselenbitar som liknar opne konvoluttar. Dei små konvolutt-bitane dannar eit mønster, som flyt saman i blikket og blir ein sjø. Dei små ujamnheitane gjer at det ikkje framstår som stivt og mekanisk. Den skjøre presisjonen gjer nesten vondt.

Lillian Tørlen, Levels of Attachment and Belonging, On the Windowsill, 2021. Leirgods. Foto: Brynhild Winther
Lillian Tørlen, Levels of Attachment and Belonging, On the Windowsill, 2021. Leirgods. Foto: Brynhild Winther

På golvet ligg eit tilsynelatande mjukt teppe, òg laga av Peel. Tynne trådar held saman små flak av porselen. Eg har ligget på spikermatte, og glasbitar. Lurer på korleis dette porselens-teppet kjennes mot ryggen. Det er sikkert vondare enn cornflakes i soveposen.

I utstillinga møter eg ulike forsøk på å bøye, eller bryte reglar. Reglar som på ulike vis handlar om ibuande materialeigenskapar, og delvis naturlover som til dømes tyngdekrafta. Eyvind Solli Andreassen sine vaseliknande objekt balanserar på tynne bein, nær kanten på pidestallane sine. Dei ringbrynjeliknande formene i Helen Hausland sine verk, ser ut som om dei kan bli innhenta av tyngdekrafta utan forvarsel. Potensiell implosjon, stagnert ved brenning i keramikkomnen.

Det er definitivt ein fordel å tenkje visuelt når ein sit inni eit skap og skriv. Inni tanken går eg gjennom utstillinga. Når eg kjem ut av skapet, er det fordi nokon fann meg. Eg kom ikkje ut av fri vilje. Dette er ein leik. Eg gøymer meg på ny, og skriv vidare i det mørke hjørnet på gjestetoalettet. Her måtte eg bytte ut skriveblokka med mobiltelefonen. Det var for mørkt til at eg kunne sjå papiret.

Jens Erland, Bunn, 2021. Steingods, teknisk porselen, luftfilter, linse, speil, reflektor. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Jens Erland, Bunn, 2021. Steingods, teknisk porselen, luftfilter, linse, speil, reflektor. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

På innsida av hjernen går eg mot det neste rommet i utstillinga. Eg passerar Bjørn Mortensen sine to vatnkranar av glasert steingods, kor vatnet renn utan stans. Utan å fylle trauet. Utan å renne over. Eg sit i mørket på badet og hugsar at lyden frå kranane fyllte rommet, og rann vidare gjennom opne dører. Lyden blei med meg opp trappa, kor eg finn ei orange, korall-liknande skulptur, laga av Eirik Gjedrem. Det skjer noko når ein går mot noko(n) som står plassert på toppen av ei trapp. Når eg kjem opp trappa, ligg den forran føtene mine. På golvet der nede. På toppen av eit rituale. Kanskje nokon har mista den der.

I dette rommet finn eg fleire ting som ser ut som om dei har ramla ut av lommane til nokon som høyrer til i eventyr eg ikkje har lese. På pidestallar ligg to objekt med slektskap til den store korallen, den eine kan ha kome frå sjøen, men den andre er svart, og glinsane, som ein magisk meteoritt frå eit anna univers.

Jens Erland, Spel, 2020. Grovt steingods, porselenskuler. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Jens Erland, Spel, 2020. Grovt steingods, porselenskuler. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

På ei hylle står to pluggaktige objekt frå eit anna eventyr. Desse to skulpturane, laga av Tovelise Røkke-Olsen, liknar ei blanding av dragehalar og løftehankar. Den eine er gullfarga øvst, og den nedre delen er ein slags raud plugg av lavarestar frå inni jorda sin bollemage. Om eg skulle løfte heile jorda etter to krokar, ville eg ha festa krokane i slike løftehankar. Inni ein draum. Både glasurane, dei ulike overflatene, og formene er av ein karakter som gjer det vanskeleg å lausrive seg. Når eg blir stor skal eg ha min eigen drage, og den skal ha hud som liknar noko av det eg ser her.

Høgt oppe på ein vegg, heng tynne trådar og held fast ei rekkje hyller med tynne skåler oppå. Atter ei gong kjenner eg knuse-angsten i kroppen. Dei ser for tunge ut til å kunne hengje slik. Og om eg seier det høgt, vil kanskje trådane ryke. Trådane visste kanskje ikkje at dei ikkje kan halde all vekta av Hanne Heuch sine skålformer, og hyllene dei står på.

Christina Peel, Folded Porcelain, Green, 2021. Papirporselen, glasur. Foto: Brynhild Winther
Christina Peel, Folded Porcelain, Green, 2021. Papirporselen, glasur. Foto: Brynhild Winther

Nedanfor eit glas-rekkverk, ligg det som kanskje er hovudritualet i rommet. Heile rommet er med på å understreke det magiske ved objekta. Å gå ned trappa og inn i installasjonen laga av Andrea Scholze, er som å gå inn i ein kamp-arena. Eg er ganske sikker på at store utgåver av hylle-løvene frå det første rommet, ligg på lur bak døra i hjørnet. Men alt står stille, og keramikk er tid modellert i stein. I grusen framfor meg, ligg ein hund utan andlet og stirar augelaust inn i ei lampe. Fokus. Regel nr. 2: Du skal ikkje sjå direkte inn i sola.

Hunden ligg heilt i ro. Kanskje er det slik ein ser ut, om hovudet har blitt fjerna for å bli brukt som trofé på ein vegg i ei fin stove. Formannskap. Eigarskap. I det eine hjørnet har ein diger kobraslange reist seg. Klar til hogg. Eller klar til å hypnotisere meg. Eller svelge hunden og lampa. Hunden kan ikkje sjå slangen. Kan ikkje sjå nokonting. Skapning. Kanskje kjenner hunden varmen frå ljoset. Kald stein. Villskap. Stillstand. Tilstand. Stein og leire kan halde pusten veldig lenge.

Christina Peel, Sample Repeated, 2017. Porselen, fosforiserende glasur, akryl, fisketråd, tekstil. Foto: Brynhild Winther
Christina Peel, Sample Repeated, 2017. Porselen, fosforiserende glasur, akryl, fisketråd, tekstil. Foto: Brynhild Winther

I denne utstillinga har ingen kurator signert plakaten. Kunsten har kome ut frå dei ulike kunstnarskapa, og danna ei ny heilskap. Utan å miste noko av sine individuelle identitetar. Det alle har til felles er at dei brukar same materialet. Men dei snakkar ulike språk. I dialog. Dei utøver ein kjennskap til materialet som tillet å presse grensene litt lengre. Ein må kanskje gå litt over streken, for å utvide grensene. Våge å feile, for å oppdage noko nytt.

Regel nr. 3: Som regel finst det ikkje så mange reglar som ein trur. Om ein skapar reglane i tanken, før ein har prøvd, ender ein opp med møte veggen i alle retningar. Etterpåklokskap. Kunnskap. Skap meir!

Eyvind Solli Andreassen, Uten tittel01, 2021. Hvit og svart steingodsleire. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Eyvind Solli Andreassen, Uten tittel01, 2021. Hvit og svart steingodsleire. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

Brynhild Grødeland Winther

Helen Hausland, A Second Skin, 2020. Steingods, terra sigillata. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Helen Hausland, A Second Skin, 2020. Steingods, terra sigillata. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Bjørn Mortensen, Wall Pot (with water), 2016. Glasert steingods, vannpumpe, vann, skjøteledning, beskyttelsesboks. Foto: Brynhild Winther
Bjørn Mortensen, Wall Pot (with water), 2016. Glasert steingods, vannpumpe, vann, skjøteledning, beskyttelsesboks. Foto: Brynhild Winther
Eirik Gjedrem, Under, 2019. Steingods, glasur. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Eirik Gjedrem, Under, 2019. Steingods, glasur. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Tovelise Røkke-Olsen, Beautybag, 2010. Keramikk, glasur. Foto: Brynhild Winther
Tovelise Røkke-Olsen, Beautybag, 2010. Keramikk, glasur. Foto: Brynhild Winther
Hanne Heuch, Oval, 2021. Materiale og brenning fra/ved NTP (Norsk Teknisk Porselen, Fredrikstad). Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Hanne Heuch, Oval, 2021. Materiale og brenning fra/ved NTP (Norsk Teknisk Porselen, Fredrikstad). Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Andrea Scholze, From the Ascending Sun, 2016. Glassfiber og uglasert keramikk, LED-lys, sveisa stål, vintage glass, pleksiglass, silikon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Andrea Scholze, From the Ascending Sun, 2016. Glassfiber og uglasert keramikk, LED-lys, sveisa stål, vintage glass, pleksiglass, silikon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Andrea Scholze, From the Ascending Sun, 2016. Glassfiber og uglasert keramikk, LED-lys, sveisa stål, vintage glass, pleksiglass, silikon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Andrea Scholze, From the Ascending Sun, 2016. Glassfiber og uglasert keramikk, LED-lys, sveisa stål, vintage glass, pleksiglass, silikon. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad
Powered by Labrador CMS