Rapport: Ceramic Brussels 2025
Frekt, intimt og taktilt – norsk keramikk i fokus
Handverk og taktile overflater, business og store verdiar. Ceramic Brussels er ei blanding av heseblesande kjøpesenter og stemningsfullt galleri. Årets utgåve var særskilt viktig for den norske keramikkscena, som fekk vist seg fram frå ei side som var både ballsy og stoisk og med evne til å gå inn i evigvarande tema.
Brussel i januar minte om Bergen. Medan eg prøver å navigere gjennom bussruter og kart, bles og regnar det sidelengs. Det endelege målet er eit gedigent messeområde der den andre utgåva av Ceramic Brussels nettopp har opna. Her skal 65 galleri frå 13 ulike land med over 200 kunstnarar vise fram keramikk.
Etter nokre rundar med den manglande retningssansen min finn eg vegen inn. Inngangspartiet er fylt av kunsten til eit lite utval av kunstnarar valde ut på bakgrunn av 330 søknadar. Desse kunstnarane har ikkje eit galleri i ryggen, men får sjansen til å vise seg fram i messeområdet. Og det er ei variert gruppe med verk, det putrar og læt, det boblar i vatn, og frå ein skjerm dansar ein porselenskjole.
I midten står installasjonen til Eléonore Griveau. Ho er opphavleg fransk, men bur og arbeider i Bergen og er ein av dei 10 unge kunstnarane som fekk sjansen til å stille ut. Gjennomsiktige, golvlange gardiner heng i ein sirkel, på innsida er det plassert fire pidestallar som det renn leidningar ut frå. På toppen av kvar struktur er det plassert lag på lag med porselensplater. Pusten til menneska som går inn i installasjonen, utløyser vibrasjonar som i neste omgang får porselenet til å smuldre opp. Om utstillinga hadde vart lenger, ville kunstverket til slutt øydelagd seg sjølv.
Det minte meg om Leonardo da Vincis Nattverden, som heng i Milano, der ei blanding av ein uvanleg teknikk og ein tørr vegg har skapt eit verk som ikkje toler menneskeleg påverknad. Griveau sitt verk peikar vidare ut av kunstverda til ei verd av miljøkamp og menneskapte kriser. Eit tema som står sterkt i samtidskunsten i dag, og som eg også såg att i fleire av verka i messeområdet, og då særskilt hos dei yngre kunstnarane. Både i val av gjenbruksmateriale og som ei stemme i klimakampen.
I år er det eit særskilt fokus på norsk keramikk gjennom panelsamtalar i regi av Norwegian Craft, og representantar for norsk keramikk ved QB Gallery, RAM galleri, SKOG Art Space og FORMAT frå Oslo og Kiosken frå Bergen er til stades.
FORMAT held seg i ein eigen del av hallen og er ikkje på rekka saman med resten av dei norske galleria. Paulina Pöllänens stoiske kvinnefigurar ser ut som helgenfigurar frå ein eldgamal, mytisk kult. Med sine mørke auge og bein som liknar solide trestammar, er det nesten som om dei har grodd opp av bakken av eiga kraft. Eyvind Solli Andreassen arbeider opp ned, kveilar nøysamt kveil etter kveil til verket står og balanserer på tre bein. Det er nesten så ein kan tru at det er 3D-printa, men om ein ser nærare etter, ser ein små spor av fingermerke, av slutten på ein kveil eller på ei heilt ny byrjing. Dei har ei rørsle i seg, som om dei kan danse med lette trinn på dei smale beina sine.
Torbjørn Kvasbø treng eigentleg ingen introduksjon, han er ei av dei store stjernene på utstillinga. Dei bøygde rør-forma klasane skin i eit uttal av sjatteringar i blått, frå det uskarpe til det matte, det skinnande og det glatte. Om samtidskunstnaren Thomas Pihl vert det sagt at maleria hans er «lickable», og eg kjenner noko av det same med Torbjørn Kvasbøs verk. Dei ser så saftige, glinsande og smakfulle ut.
Keramikar Nellie Jonsson har fylt heile standen til QB Gallery med keramiske skulpturar. Ho boblar over av ein uredd, intuitiv og gøyal energi, som om ho nesten ikkje kan styre gleda over å skape. Referansane peikar både til kunsthistoria og til vår eiga samtid, frå tradisjonelle stilleben til kakepynting på Instagram.
Det minte meg om mamma si pene korg med skinnande frukt frå 90-talet. Likevel er det heilt annleis. Det er sigarettstumpar og jordbær knerta saman i eit oskebeger og overdådige kaker fylte med krem. Objekta har eit naivistisk preg, det er noko barnsleg, samstundes er det alltid ein brodd i det ho lagar. Som når dei barokke kunstnarane måla krystallglas, angande blomar og hovudskallar, miksar også Jonsson inn små forstyrrande element. Mellom blåbær og krem finn vi plutseleg ein liten salt sylteagurk, eller i eit elles pynteleg stilleben dukkar det opp eit sett med tenner ved sida av ein epleskrott.
Jonsson har laga sitt eige univers, speglar ein regnbogeversjon av røynda. Som ein parallell til den digitale verda der vi skrollar gjennom Instagram og ser på vakker mat utan å ete han. Kremkakene hennar gjer heller ikkje som dei skal, og kjem heller aldri til å verte etne. Nellie Jonsson seier sjølv ho har lært mykje av restaurantbransjen om å presentere mat, men eg vil seie at ho også har lært å helle akkurat nok mengde med salt i det søte.
På RAM galleri er det særskilt dei vakre formene i verka til Lydia SooJin Park som fasinerte meg. Objekta har ein nesten stoffleg tekstur, som fiskeskinn, olje og drypande måling. Paletten er lett og lys, mens enkelte av formene minte om bøygd metall. Det er som om ho ynskjer å framheve det dekorative prinsippet, fjerne seg frå form som funksjon.
I det vesle gallerirommet til SKOG Art Space står det grupper med avrunda former på golvet. Ved fyrste augekast liknar dei på mjuke, pastellfarga klumpar, som om ein tenåring har spreidd ein pose med beauty blenderar på golvet. Objekta er bygde i steingodsleire, brente og spraya lagvis. Det gjer til at lyset og blikket vert dradde innover i verket. Det er frå Ebbe Arnebergs prosjekt Tid, der han deler barndomsminne frå milevis av rullesteinsstrender. Eg likar korleis det både er tid som eit nesten evigvarande prosjekt, der dei kantete steinane er tromla runde av is og hav. Men òg korleis barndommen vert til ei minneverd. Fargevalet forsterka kjensla av at det er ein representasjon eller eit abstrahert minne.
I same gallerirom møter vi Irene Nordli sine smeltande, organiske former, der det dukkar opp fragment av gjenkjennelege former. Den glaserte og drypande overflata buktar og bøyer seg som om noko prøver å bryte ut av overflata.
Det kan vere hjartet mitt bankar ekstra for Bergen, men eg trur det var fleire hjarte som fekk eit taktskifte i møte med det pønkete galleriet Kiosken. Ingeborg Tysses skulptur «Big move» må vere det mest «ballsy move» noko sinne å ta med seg på ei keramikkmesse i hjartet av Europa. Kjempekvinna har kraftige lår og føter av trekubbar, eit vevd miniskjørt samlar beina på toppen, mens leggane er dekte av kopar. Men kvar er lenka til keramikken? Lenka klorar seg fast ytst på tærne i form av åtte tånegler laga av sjølvherdande leire lakkert med lilla metallisk lakk.
Kunsten til Eirik Falckner er som eit møte med vind, fjell og salt sjø. Det er grovt, taktilt og mystisk. Han senkar verka sine ned i sjøvatn og opp kjem dei dekte av rur. Det er spor av fossil, korall, røter og bergkrystallar. Ikkje minst fekk eg oppleve Falckner (som er eit pseudonym) idet han blæs gjennom røyra på eit av verka sine og skapar den einaste fullkomne kombinasjonen mellom performance og keramikk på messa.
Det er mange namn og galleri å trekke fram. Som den fantastiske presentasjonen til PULS Ceramics av ulike overflater, frå det tørre og sukra til det svampaktige og fuktige. Til bordsettinga til franske Helene Bailly galleri med keramikken til Picasso frå Vallauris. Og Helena Hafemanns øydelagde porselensfat som ho har transformert om til noko nytt og vakkert ved hjelp av tråd.
Men eg vil bruke høvet til å nemne den norske kunstnaren Ann Beate Tempelhaugs massive fat. Verka er som ein kommentar til forholdet mellom måleri og keramikk. Og ikkje minst er det eit spenningsforhold mellom storleiken på verka og dei sarte tonane av pastell. Det er som om Monet har dyppa penselen sin i eit glas med vatn og Tempelhaug har spreidd det utover.
Det er eit emosjonelt landskap ein beveger seg innafor når ein er i keramikken si verd. Det vesle og intime som ein kan lukke handa rundt, og det store og ekspressive. Spekteret i glasuren og det taktile ein ynskjer å føre fingeren over. Det er dedikasjon og mangfald, møte mellom tradisjon og innovasjon. Det ei samling av kunstnarar med ulike teknikkar, med ulik bakgrunn og med ulik kunstnarisk tilnærming. Gjennom Ceramic Brussels får ein verkeleg demonstrert og markert den sjølvsagde plassen keramikken har i samtidskunsten.