
Gjennom reinskallen ser ein lysande auge og kallar dei for stjerner
Ekfrase av Tharaniga Rajah om Britta Marakatt-Labbas Historja.
I
Eg trudde eg hadde dokumentert historia sakte, men no ser eg det gjekk for snøgt. Til dels ufokusert, og somme av utsnitta i nærbilete. Forstørra, litt for nært. Andre igjen vinglar eg forbi, klyppar tretoppane av.
II
Morskonglar og farskonglar heng frå høge bjørketoppar. I skogen jagar bjørn, rev og jerv, gaupar og ulvar rasar etter forkava menneske. Menneska gjetar rein på ski. Ei tid før skutarar og maskindrevne mjølkepumpar. Då bestefedrane var mange og gråbeinflokkane store. Men jorda blei kua og reinen husja i løkker. Torskekroppar svaiar frå hjellane.
III
Tåkelokket seig frå kysten og opp fjordane, langs elvane. Mørker av svarte kjolar og lange krøllar. Hendene krafsar. Ei tru som forsvann. Eit språk kviskra. Bommane tyste. Her blir fjell til gropar og elvane demma. Gaissane stille i bakgrunnen. Reinen beitar ikkje i kopargruver.
IV
Me ser opp mot Beaivis tindrande skispor.
Me, og ulda under oss.
Der kvite tamreinar fylgjer sola og
månedottera piskar ulvane bortover, framover.
Hundane spring.
V
Berre nordstjerna finn ein på same stad.
Teksten er tidligere publisert i Kunsthåndverk 2/2019.
Hør Rajah lese Gjennom reinskallen ser ein lysande auge og kallar dei for stjerner i Kunstpoddens episode Å beskrive det visuelle.
Panorering og joik av verket kan ses i denne filmen av av Ola Røe.